tirsdag 27. april 2010

Brikkevevd smykke i tynt silkegarn.

Eg ga bort eit smykke vove i brikkevev til ei venninne som fylte 50 i vår. Det var moro å veva, svært utfordrande. Silke blir skikkeleg lekkert, men det tek tid.
Eg vov med 100 brikker, men stort sett halvparten om gangen. Eg byrja midt i nakken og vov ned til kvar kant før eg rett og slett brukte renninga frå kvar brikke på den eine sida som innslag slik at eg vov dei ihop.
Den eine sida vart voven i mange tunne delar med litt perler iblant. Den sida symboliserte meg. Den andre sida vart voven i rundvev, før den flata ut. Dette var då venninna mi. Samanvevinga viser at me har funne kvarandre att.

This neckpiece is woven in thin silk, using 100 tablets - 50 on each side. I started in the back of the neck and wove down each side and ended by using the warp on one side as weft. I had planned to weave a double weave pattern, but it didn't work out, so I found the beautiful big bead my father once gave me and sewed it on.
I made this for my friends 50th anniversary.





1 kommentar:

  1. The necklace is beautiful. A work of art.
    I watched the video. I have never knew how the weaving was done. Fascinating and lovely.

    SvarSlett