torsdag 1. oktober 2009

mitt "oppstoppa" lappeteppe

Dette lappeteppet sydde eg for ca 9-10 år sidan. Dessverre har bloggen lurt meg herog berre fått med eit utsnitt av biletet. Mønsteret har eg stole frå gamle smettåkle frå Sogn, eit mønster eg ofte kjem attende til når eg skal prøva ut nye teknikkar. Eg hadde ikkje so få timar planleggjing av mønsteret - sidan blokkene ligg på skrå i mønsteret.


Her er 400 heile blokker 40 halve og 4 kvarte. Eg brukte ei veke på å sy det.

Då eg hadde sydd alle blokkene ihop, oppdaga eg at fargane slegest voldsomt pga mengdekontrasten. Det er nærmast som dei raude hoppar opp og tek meg.

Eg har midlertidig lagt det vekk pga fargane, men eg har og problem med å finna det rette grøne stoffet til å ramma det inn med.
I made this patchwork 9 or 10 years ago in log cabin technique. The pattern is a traditional one often used in woven wallhangings from Sogn. It took a lot of planning to find out how.400 blocks, 40 half blocks and 4 little corner quarter blocks. I used a week to sew it. When it was assemled, I saw that the red colours jump out to get me , so this quilt top has taken a long rest. I will finish it once, but I have trouble finding a suitable fabric for the borders around it.

lørdag 26. september 2009

Prøvde meg med nokre feittstiftar i sommar. Vart litt forsiktig, men det var moro.

I tried drawing a landscape this summer. A bit too careful, but it was fun, though!

Hestehårsring




Fann denne hestehårsringen hjå mor mi i sommar. Den var blant dei tinga ho kjøpte som erstatning i Hellas den gongen ryggsekken vart stolen med alle smykkene hennar i. Laga av hestehår og perler. Fin?
I found this between my mums things this summer. It's among the things she bought in Greece when her rucksack was stolen and her jewelry gone. It's made of beads and horses tail. Nice?

lørdag 20. juni 2009


Dette veggbildet sydde eg tidleg på 1990-talet medan eg var fast vikar på skulen i Ulvik. Berre einsfarga stoff i katedralvinduteknikk. 192 blokker. Teknikken treng mykje stoff, slik eg har gjort det treng ein 5 og ein halv gang so mykje stoff som flata det skal dekkja.
Teppet har fått hengja urørt i trappa på skulen i snart 20 år - det er kjekt!
I made this wall hanging early in the nineties when I worked as a (locum) teacher in Ulvik. I had a lot of spare time between my lessons, so the headmaster asked me to make a decoration for the school. I used 192 blocks of monochrome fabrics. I had a very exciting time making it - putting all the pieces on the floor and standing on a chair to see properly from distance.
The technique as I used it needs 5 1/2 times as much fabric as the finished size.
I made it all by sewing machine.
It's been left in peace hanging in the staircase of the school during all these years. Incredible, really!

lørdag 6. juni 2009

Pilefletting med Mai i mai. Willow baskets in May.











Eg var so heldig å ha anledning til å gå på dette kurset i korgfletting med pil. Øverste bilete viser at eg har byrja på ein "katalansk botn", nr. 2 at eg har byrja fletta litt oppover. På nr. 3 er korgi ferdig -skakk og skeiv, med påbyrja hank. Nr 4 viser ulike sortar pil - fargar, lengder og tjukkelse varierar sterkt. Det er innkjøpt pil frå Danmark. Den lokaldyrka på Voss blir for tjukk, sjølv om det er same sortane. Norsk "innfødd" pil har for tjukk marg, so den vil lett knekkja, dessverre.
I took a course in willow basket weaving in may. You can see my lovely, almost finished basket -bumpy all over.
I went to a willow basket course in 2009. The first photo shows the beginning of a catalan bottom ( right word?), the next shows that I've worked a bit further and I use our old casserole lid weight to keep it still. Next is the making of the handle. The last shows different colours and qualities of willow.

mandag 18. mai 2009



Presang motteken frå oppfinnsame vener! Sikkert eigentleg mest eigna for folk i by som ikkje ein gong har balkong:

Jord, grasfrø av to slag, gjerde og skilt er i dag plassert i følge oppskrifta.

Tråkkeheller i miniformat kjem seinare når graset veks til. Til og med saks følgde med med instruks om å klyppa graset til ein tommes høgde. Følg med, følg med - nytt bilete følgjer om nokre veker!



Produksjon av bordkort til 50-årsdagen min - fikse, ikkje sant?


Denne kaktusen blomstra hjå meg fyrste gong i fjor. Blomen var 19 cm i diameter. Då svigermor ( med dei veldig grøne fingrane) såg den, utbraut ho: Den var so fin at den må me setja på!

( dessverre er fotoet teke med mobiltelefon.)


Fine poteter! Heiter vissst Blå Kongo. I bakgrunnen ligg mitt gule hekletøy - like greitt det ikkje viser so godt! ( mitt fyrste forsøk på filethekling.)

torsdag 14. mai 2009



Løpar i bomull og stry, kypertvariasjon. Denne vov eg hausten 2008.

Rosemåling i Valhall

Denne trappevangen er i hytta etter tanta og onkelen min, malt av ein av Lyssandmålarane.
Teksten seier: I denne trapp har fleire møyar gått opp enn ned.
I min barnlige uskuld såg eg for meg at dei hoppa ut glaset - -


søndag 10. mai 2009

torsdag 7. mai 2009



Til eg fylte 50, har eg scanna inn ein del gamle bilete av meg i ymse aldrar. Her: kanskje 10 år, i lag med Blakken - som heldigvis var på hi sida av gjerdet. Blakken åt forresten opp den ruta skjorta til pappa som hang til turk på gjerdet.