mandag 18. mai 2009



Presang motteken frå oppfinnsame vener! Sikkert eigentleg mest eigna for folk i by som ikkje ein gong har balkong:

Jord, grasfrø av to slag, gjerde og skilt er i dag plassert i følge oppskrifta.

Tråkkeheller i miniformat kjem seinare når graset veks til. Til og med saks følgde med med instruks om å klyppa graset til ein tommes høgde. Følg med, følg med - nytt bilete følgjer om nokre veker!



Produksjon av bordkort til 50-årsdagen min - fikse, ikkje sant?


Denne kaktusen blomstra hjå meg fyrste gong i fjor. Blomen var 19 cm i diameter. Då svigermor ( med dei veldig grøne fingrane) såg den, utbraut ho: Den var so fin at den må me setja på!

( dessverre er fotoet teke med mobiltelefon.)


Fine poteter! Heiter vissst Blå Kongo. I bakgrunnen ligg mitt gule hekletøy - like greitt det ikkje viser so godt! ( mitt fyrste forsøk på filethekling.)

torsdag 14. mai 2009



Løpar i bomull og stry, kypertvariasjon. Denne vov eg hausten 2008.

Rosemåling i Valhall

Denne trappevangen er i hytta etter tanta og onkelen min, malt av ein av Lyssandmålarane.
Teksten seier: I denne trapp har fleire møyar gått opp enn ned.
I min barnlige uskuld såg eg for meg at dei hoppa ut glaset - -


søndag 10. mai 2009

torsdag 7. mai 2009



Til eg fylte 50, har eg scanna inn ein del gamle bilete av meg i ymse aldrar. Her: kanskje 10 år, i lag med Blakken - som heldigvis var på hi sida av gjerdet. Blakken åt forresten opp den ruta skjorta til pappa som hang til turk på gjerdet.